Forvitring og erosjon
Forvitring er ei nedbryting av bergartar eller mineralar.
Vi delar forvitring inn i to hovudgrupper; Mekanisk og kjemisk forvitring.
Mekanisk forvitring består av for eksempel;
-
Solsprengning: Solsprengning oppstår når det er store forskjellar i temperaturen i eit område mellom dag og natt. Under intens varme utvidar minerala i bergarten seg, og trekkjer seg saman om natta når temperaturen synk drastisk. Dette fører til at bergarten sakte sprekk opp. eg klarte ikkje å finne eit godt døme på solsprengning.
Trykkavlastning: Trykkavlasting oppstår når bergartar, som har låge langt under overflata, kjem opp til overflata. Her får bergarten plutseleg plass til å ekspandere, og han sprekk dermed opp.
-
Frostsprengning: Frostsprenging skjer når vatn renn ned i fjellsprekker om sommaren, og frys til is om vinteren. Når vatnet blir til is, blir volumet større. Vatnet ekspanderer og sprengjer opp fjellet. Det er denne prosessen som har skapt den kjente Åkernesremna ute i Sunnylvsjforden.
Andre eksempel på Mekanisk forvitring er saltsprenging, Rotsprengning, vannsprenging, Termal ekspansjon og Organisk verksamd.
Dette er eit døme på frostsprengning ved Abisko i Sverige
Kjemisk forvitring forgår ved at kjemiske prosessar tæra på bergartane. Kjemisk forvitring blir i hovudsak delt inn i 3 grupper. Oppløysing, Oksidering og Hydrolyse.
- Oppløysing: Oppløysing er ein prosess der mineralar i bergartar blir løyst opp i vatnet. Denne prosessen blir meir effektiv om det er surt nedbør i staden for vanleg regn.
- Oksidering: Oksidasjon kan beskrivast som ein prosess der grunnstoff mister elektron når dei kjem i kontakt med vatn eller oksygen. Det er dette som blir kalla rust på metall.
- Hydrolyse: Hydrolyse er ein reaksjon der bergartar trekk til seg vatn og utvidar.
Forvitring i Nibbedalen
Det er ikkje mange eksempel på forvitring i Nibbedalen, og når vi var på ekskursjon var det vanskelig å finne eksempel på grunn av det tjukke laget med snø som hadde kome. Det vi såg, som kanskje er den typen forvitring som etterlatar seg mest spor av, var frostsprenging. Det er ein del urer eller steinhav rundt omkring som er forårsaka av ras, som igjen er forårsaka av forvitring.
Det er ikkje mange eksempel på forvitring i Nibbedalen, og når vi var på ekskursjon var det vanskelig å finne eksempel på grunn av det tjukke laget med snø som hadde kome. Det vi såg, som kanskje er den typen forvitring som etterlatar seg mest spor av, var frostsprenging. Det er ein del urer eller steinhav rundt omkring som er forårsaka av ras, som igjen er forårsaka av forvitring.
Som vi kan sjå på dette topografiske kartet, er det veldig lite forvitring i Nibbedalen. Områda med lilla farge viser forvitringsmateriale. Dei einaste forvitra områda i nærleiken av Nibbedalen, er høgt oppe i fjella på begge sider (Kvanngrønibba og Sætredalsfjellet).
Erosjon
Erosjon er bortsliting og nedbryting som stadig foregår på jordoverflata. Erosjon kjem i form av elveerosjon, breerosjon, vinderosjon og bølgjeerosjon. I Nibbedalen kan vi sjå veldig klare teikn etter to typar erosjon. Breerosjon og Elveerosjon.
Nibbedalen er ein klassisk U-dal. Altså har han blitt gravd ut av isen i løpet av mange tusen år. Ikkje berre er forma på dalen gjenkjennelig, men det er også mange morener og flyttblokker, spreidd rundt omkring i dalen.
Ei anna, veldig lett gjenkjennelig erosjonstype er elveerosjon. Elva her har gravd seg ned i bakken gjennom mange år. Det er spesielt lett å kjenne at denne typen erosjon, på grunn av meandreringa som elva har gjort. Elva er svingete nesten heile dalen.
NB: Bilde av meandreringa finn du under ''landformer danna av elvar''
Kjelde: GEOGRAFI (vg1 geografibok)
Kjelde: GEOGRAFI (vg1 geografibok)
dude, this is epic
SvarSlett