Landformer danna av elvar
V-dalar, Canyon, Meander og elveslette, kroksjø, elvevifte og delta. Desse blir presentert under:
EROSJONSFORMER:
EROSJONSFORMER:
V-dal:
Ein V-dal er ein dal med V-forma profil. Den er danna av elveerosjon. Det er eit resultat av at elva grev seg nedover i landskapet, og etter ei tid er sidene så bratte at det går ras og skred. I ein typisk V-dal er ikkje dalen breiare enn sjølve elva. Det er ingen eksempel på V-dal i Nibbedalen
Dette er eit flott eksempel på ein V-dal. Frå elva er det bratte
fjellsider på begge sider.
fjellsider på begge sider.
Canyon:
Der elva renn over veldig hardt berg, er det umogeleg for elva og erodere ned landskapet. Dermed skjer eroderinga berre der sjølve elva er. Dette gjer at fjellsidene på sida av elva ofte er loddrette. Det er ingen eksempel på cayon i Nibbedalen
Dette er eit bilete frå Sautso-canyonen i Alta.
AVSETJINGSFORMER
Elvevifte:
Når elva renn nedover, tek ho med seg mykje lausmasse nedover. Når terrenget flatar ut, minskar farten på elva og ho legg frå seg materiale. Elva får eit slags greina løp som gjer at lausmaterialet som ligg att ser ut som ei vifte. Det finst ingen eksempel på elvevifte i Nibbedalen.
Her kan du sjå eit eksempel på ei elvevifte. Dette eksempelet
er frå Rondvatnet i Oppland.
er frå Rondvatnet i Oppland.
Meander:
Dersom dalbotnen er brei og flat og inneheld mykje lausmasser, kan elva forme seg i mange svingar. Dette kallar vi eit meanderløp. I ein meander er tversnittet av elva usymmetrisk. Vatnet får størst fart i yttersvingane, der elva er djupast. Derfor er erosjonsevna stor, og dette gjer elva grev seg innover i terrenget. Farta i innersvingane er derimot lav. Her er det veldig grunt, det er på grunn av at det blir avsett materiale. Vi får derfor eit meanderløp ved erosjon og avsetning. Her er bilete frå meanderløpet i Nibbedalen:
Her er eit luftfotografi av meanderløpet i Nibbedalen. Vi kan sjå
dei karakteristiske meandersvingane. Kjelde: Google Earth
dei karakteristiske meandersvingane. Kjelde: Google Earth
Ein meandersving. Kjelde: Kristin Ringdal
Kroksjø:
I ein meander er svingane veldig krappe, og det gjer at farta vert stor i yttersvingane. Vatnet grev seg då lengre og lengre inn i terrenget. til slutt vil vatnet bryte gjennom og gå rett fram. Svingen som då blir "liggjande att" kallar vi ein kroksjø.
Dette er ein illustrajon på korleis ein kroksjø oppstår. Kilde: http://www.geocaching.com/
Her er eit luftfotografi av ein kroksjø. Eksempelet er frå Storelva
på Ringerike. Kjelde: http://www.geocaching.com/
på Ringerike. Kjelde: http://www.geocaching.com/
Delta
Eit delta er er avsetning av sorterte lausmassar der ei elv renn ut i stille vatn. Dette er ofte grovt materiale inst i deltaet og veldig finkorna sand lengre ut.
Dette er verdas største elvadelta, nemleg elvadeltaet til Nilen.
Kilde: http://en.wikipedia.org/
Elveerosjon i Nibbedalen:
Gjennom endemorena som ligg rett ved siden av Sætra, går vegen. Det er elva som har greve ut opninga der vegen går i dag. Gjennom mange år har elva erodert ned morenematerialet og i seinare tider har det vorte mogeleg å legge vei her. Her er eit eksempel på at elva eroderer i Nibbedalen
Her kan vi sjå "opninga" i morena, som elva har gravd ned.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar