Ei omtale av natur – og kulturlandskapet
i Nibbedalen
Nibbedalen har
mykje naturlandskap. Det er mykje urørt natur oppe i dei steile fjella.
Samtidig er det ganske mykje som menneske opp gjennom tidene har lagt hand på,
og på ulike måtar fått innverknad på landskapet.
Vi kan seie at
deler av Nibbedalen er jordbrukslandskap. Her er fleire gardar som driv med
jordbruk, og det gjer at området er dekt av åkrar og beitemarker for
husdyrhald. Gjennom hundrevis av år, har menneska forma landskapet ved å dyrke
jorda. Store deler av landskapet er fjellandskap, sidan dalen er omkransa av
høge fjell. Dei fleste fjella strekkjer seg høgare enn skoggrensa, men det
finst også område med tett skog i Nibbedalen.
Eg er usikker
på om ein kan kalle Nibbedalen for eit busetnadslandskap, sidan det er veldig
få busette her. Det er berre nokre få husstandar på Sætra, på Fivelstad og på
Fivelstadhaugen. Likevel kan vi kalle landskapet i Nibbedalen for eit
kulturlandskap, fordi store område er påverka av menneske, både ved jordbruk,
hogst og vegar.
Nibbedalen er
også eit fangstlandskap. Det er veldig mykje jaktverksemd i området, og vi finn
fleire fiskevatn her. Dessutan har vi meanderelva, som det og er fisk i. Det
vanlegaste dyret ein jaktar på i Nibbedalen, er for det meste hjort, men om ein
går lengre opp i fjellsidene, over skoggrensa, er det også gunstige
rypejaktforhold for ivrige jegerar.
I Nibbedalen er
det også mogeleg å drive med ulike aktivitetar i naturen. Difor kan vi kalle
Nibbedalen eit rekreasjonslandskap. Det er veldig vanleg med fjellturar i
området, spesielt kjende fjell er Kvitegga og Fivelstadnibba. Dessutan kan ein
gå skiturar til ulike vatn, og det er veldig populært å sykle gjennom
Nibbedalen og vidare gjennom Norangsdalen.
(Bildet er teke frå bloggen http://landanalyser.blogspot.no/)
Dette biletet (under) ser vi busetnaden på Sætra, her er berre tre gardar. I bakgrunnen ser vi den store morena, som kom etter isen låg over dalen.
I mi
heimkommune er det ein god del forskjellige landskap. Utover
jordbrukslandskapet i Nibbedalen har du:
-
Industrilandskap:
I Svemorka i Strandadalen har du Stabburet og nokre fabrikkar til. På
Hellesylt er det også eksempel på industrilandskap, bl.a. Ole Ringdal AS.
-
Rekreasjonslandskap: Det er fleire områder med rekresjonslandskap
i Stranda kommune, men det beste eksempelet er kanskje Strandafjellet. Vi har
flott natur i Stranda, og mange av innbyggjarane bruker naturen aktivt.
-
Fjellandskap: I Stranda kommune er det mykje
fjellandskap. I alle
bygdelaga finst det høge fjell og djupe dalar. Fjella i kommunen er kanskje det
som er det flottaste ved naturen hre.
-
Kulturlandskap:
Hellesylt er eit fint eksempel på kulturlandskap. Her har du busetnadar og arbeidsplassar.
Oppgåve 1 og 2 skrive av Anette Frøysa. Oppgåve 3 skrive av Jarl Vegard
Arealkonflikter i
Nibbedalen.
Det finst berre éi kjend arealkonflikt i Nibbedalen. Det er ueinigheita
om ein skal dyrke myrene som er der. Somme meiner at ein burde dyrke desse
myrene, for å få meir jordbruksareale, noko som gjev ein større økonomisk verdi
for dei busette i dalen.
Men på den andre sida kan å dyrke myrene få ulike konsekvensar for naturen og
landskapet. Om ein dyrkar myrene, vil det komme ukjende mengder med lystgass og
karbondioksid ut i atmosfæren. Dette er to av dei est kjende naturlege
klimagassane som det skjer utslepp av. Dessutan, om ein dyrkar myrene, vil det
sannsynlegvis bli større fare for flaum i området. Myrene tek opp vatn og om
ein fjernar dette vassopptaket, vil det bli oftare og meir drastiske flaumar.
Dette vil igjen øydeleggje markane og evt. vegar i området.
Denne konflikta er ikkje løyst, og eg har presentert dei to
motsetningane. Eg trur løysinga hadde blitt mest lønnsam om ein hadde unnlate å
dyrke att myrene. Om ein tek risikoen og dyrkar dei att, kan det bli store
konsekvensar som eg alt har nemnd. Spørsmålet er om det er verdt å risikere den
jorda som allereie er i området, for enda større jordbruksområde.
Verdiar som finst i
landskapet i mi kommune.
Verdiane av landskapet i Stranda kommune er enorme. Naturen her i dette
området er unikt og vi må ta godt vare på det i framtida. Landskapet er verdiar
på mange måtar. For det første er det ein stor økonomisk verdi å vere omgjeven
av denne fantastiske naturen. Turistnæringa i kommunen er ei god inntektskjelde,
tusenvis av turistar besøker kommunen vår for å bl.a. sjå fjella og fjordane.
På Hellesylt har vi også ei cruisekai (kulturlandskap) som er godt nytta. Både
på Stranda og på Hellesylt er det og industrilandskap, og fleire stader i
kommunen er det gode fangstforhold både i form av jakt og fiske. Dette er også
former for økonomisk verdi. Bl.a. Korsbrekkeelva på Hellesylt er etterkvart
blitt ei ganske kjend lakseelv.
Fjordane og fjella våre ikkje berre økonomiske verdiar, dei har også
andre verdiar som burde verdsettast like mykje. Dei kan også reknast som bruks-
og opplevingsverdiar. Både innbyggjarar og turistar opplever naturen og
landskapet her i kommunen på eigne måtar. På denne måten er også mykje av
landskapet i kommunen rekreasjonslandskap. Dei høge fjella er populære
destinasjonar både på vinterhalvåret og sommarhalvåret, og elvane og fjordane
er også ettertrakta til rekreasjon. Nok eit eksempel frå Hellesylt er
basehoppinga frå Helsetkopen. Dette er eit godt eksempel på opplevingar som folk
søkjer i kommunen.
Mykje av kommunen innheld også mykje landskap som har verdi som kultur-
og historieformidlar. Gode eksempel på dette er fjellgardane i Geirangerfjorden.
Desse bygga er deler av viktig sunnmørsk historie, og er viktige minnesmerke å ta
vare på. Dei fortel mykje om livet menneska levde tilbake i tida. For utan at
gardane er svært vakre og idylliske i naturomgjevnadene, har dei også ei form
for økonomisk verdi.
Overvakingssenteret over Åkerneset i Sunnylvsfjorden er eit eksempel på
forskingsverdien av eit landskap. Åkerneset er den mest overvaka fjellsida i
heile verda, og både forskar, innbyggjarar og andre får kunnskapar om
landskapet her. Dermed har landskapet ein verdi også for andre utsette
skredområde, som kan sjå og lære frå overvakinga her.
Sist, men ikkje mist, har naturen i Stranda kommune ein enorm
eigenverdi. Folk som veks opp på desse traktene, får ei sterk tilknyting til
staden. Natur og landskap skaper identitet, og dei bratte fjella her i kommunen
er det vanskeleg å finne maken til. Mange menneske, både dei som bur her og dei
som besøkjer bygdene i kommunen, søkjer ut i naturen. Nokre for å oppleve,
andre bere for å nyte. Og det er dette som er så unikt med landskapet i Stranda
kommune. Det er dette om gjer naturen her inst i fjordane så utruleg
verdifullt.
Mange søkjer også inspirasjon på desse traktene. Den kjende diktaren Henrik
Ibsen fekk visstnok inspirasjon til eit av sine mest kjende stykke, «Brand», på
Hellesylt. Det var det utrulege landskapet her som inspirerte Ibsen til å
skrive.
«Intet Præstegjeld i Söndmöres
Fogderi er saa besværligt og fjeldrigt som dette; ingensteds ere Fjeldene saa
höie og steile, og ingensteds Dalene saa indknebne og udsatte for Elvebrud,
Steen – og Sneskred som her. (...)
Ved Bunden af Fjorden oppe paa Bakken ved Hellesylt seer man Sönelvens Kirke.
Elven styrer sin betydelige Vandmasse forbi den ud i Fjorden.»
Kjelde:
Wikipedia
Oppgåve 4 og 5. Skrive av Anette Frøysa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar