Nibbedalen


Nibbedalen er ein langstrakt U-dal som ligg i Sunnylven. Dalen er ca. 5,5 km lang og ligg i vestleg retning. Dalen er omkransa av mange høge fjell, der Fivelstadnibba, Litlenibba og Kvitegga er dei mest kjende. Kvitegga er det høgaste fjellet i området og saman med Litlenibba er dei eit mykje nytta turmål for vårskiturar. 

Gjennom Nibbedalen går Fylkesvei 655. Denne vegen går vidare gjennom Nordangsdalen og til Øye. 
Frå Tryggestad til Fivelstadhaugen er det nokre gardsbruk i drift, desse driv i hovudsak med sauer, geiter og kyr. I fjellsidene er der gode beiteforhald for dyra. Sjølv om ein stor del av dalbotnen er dyrka mark, finn ein likevel store områder med intakte lavlandsmyrer. I samband med oppdyrking har delar av elva blitt retta ut, men i delar av elva finn ein framleis meandersvingar. Området med meander er kalla Stilleelva. Ei anna elv er Sætredalselva som renn ned frå dalen bak Fivelstadsnibba. 

Skogdekket i dalen er hovudsakleg bjørke- og oreskog. Om hausten blir det jakta hjort i desse skogane og liene. Det var i Nibbedalen ein starta opp med hjortejakt i moderne tid her i Sunnylven.  
I dalen finn vi mange naturformer som blei danna under istida. Som til dømes morener, eskerar, flyttblokker og der er framleis ein aktiv botnbre. Store parti av fjellsidene er også rasmark.


Kjelde: Google Maps
Skrive av Kristin Ringdal

1 kommentar:

  1. Flott innleiing med topografisk kart. Saknar bilde. Husk å oppgje kjelder. Kva er ein esker ?

    SvarSlett