Befolkningspyramider
av Norge (1991, 2012 og 2050)
1991: Aldersgruppa 40-44 er ganske stor, medan aldersgruppa
55-59 er betydeleg mindre. Dei som er mellom 40-44 år er fødd på 50-talet, rett
etter krigen, og dette forklarer det store talet. Optimisme og håp gjorde at
kvinnene fekk fleire barn. Ein annan grunn er også at fleire kvinner var i
fødedyktig alder på denne tida, og dermed auka barnefødslane.
Etter krigen (omtrent frå 1955 - 1968) var det ein stor baby boom: såkalla
«Etterkrigstidas babyboom». Denne babyboomen var utbreidd over heile
Vest-Europa og kom av bl.a. fleire giftarmål. På pyramiden kan vi sjå at
aldersgruppene mellom 20 og 39 er forholdsvis store, og det var nettopp desse
aldersgruppene som vart fødd i etterkrigstidas babyboom.
Storleiken på mi aldersgruppe (15-19) er ganske stor, men er mindre enn aldersgruppa 20-24. Her minkar barnefødslane, dette kan komme f.eks. av at kvinnelig utdanning var meir populær.
Storleiken på mi aldersgruppe (15-19) er ganske stor, men er mindre enn aldersgruppa 20-24. Her minkar barnefødslane, dette kan komme f.eks. av at kvinnelig utdanning var meir populær.
2014: Denne befolkningspyramiden er betydeleg annleis enn
den frå 1991. Mi eiga aldersgruppe (15-19) er omtrent på gjennomsnittet. Dei to
aldersgruppene som er betydeleg større enn dei andre er aldersgruppene 40-44 og
45-49. Desse personane vart fødd mellom 1965 og 1974, dvs. omtrent slutten av
Etterkrigstidas babyboom. Etter dette minka fødslane betrakteleg, noko som kan
(som nemnd) komme av at kvinnene tok utdanning før dei stifta familie. Dette
skjedde omkring 1980, som stemmer med tala. Under har eg teke med ein graf som
syner samla fruktbarheitstal mellom 1900 og 1998. Denne grafen illustrerer det
eg har sagt.
2050:
Alderspyramiden
i 2050 er igjen annleis både frå grafen frå 1991 og grafen frå 2014. Her ser vi
at overvekta av personar er hovudsakleg eldre, og dette kan medverke til ulike
problem i samfunnet. Det blir fleire pensjonistar som krevjar pensjon, og med færre
menneske innanfor arbeidsdyktig alder, kan dette fort bli eit problem. Dessutan
lev vi lengre, og det fører til lengre pensjonsperiode. Det krev igjen meir
pengar, som færre og færre menneske skal tene inn. Dette vil seie at vi mest
sannsynleg er avhengig av arbeidsinnvandring frå andre land.
Fylkesstatistikk
Flytteover-/underskot i Møre og Romsdal:
2012:
Som vi kan sjå
i denne grafen frå 2012 er det ulik flytting over heile fylket. Som vi kan sjå
øvst i grafen, er tilflyttinga størst i fylkets tre byar; Ålesund, Molde og
Kristiansund. Deretter kjem Giske, Volda og Herøy som også har hatt ein kraftig
oppgang i folketalet. Stranda kommune har også overskot i flytting, men veldig
liten. Sykkylven kommune ligg på omtrent null. Kommunar som har underskot i
flytting er bl.a. Norddal, Surnadal og Vanylven.
Kommunestatistikk
Her ser vi vekst/nedgang i folketalet i dei
ulike kommunane i Møre og Romsdal dei siste 10 åra. Som vi kan sjå på figuren,
er det sterk vekst ved byane og områda rundt. Også i Volda er det sterk vekst,
og det kjem nok av det gode utdanningstilbodet der.
Det er sterkast nedgang i Nord-Møre søraust for Kristiansund.
Elles er det ganske sterk nedgang også i kommuna eg bur i – nemleg Stranda
kommune. Også Norddal kommune har sterk nedgang.
Her ser vi ein
graf som viser folketalet blant kvinner og menn i Stranda kommune. Vi kan også
sjå det forventa folketalet i 2023.
Prosjektarbeid del 4 - skrive av Anette Frøysa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar