Leirskred:
Leire i Noreg er danna av isbreane. Isn har knust det meste av grus og stein til veldig små partiklar, nesten som "mjøl". Leiren ligg ofte i lag, med små saltpartiklar mellom. Om saltet forsvinn, kan leiren rase ut. Dette kan vere ekstremt farlig, og det kan skje veldig uventa.
Ein annan type leirskred er kvikkleireskred. Vi har valt å ikkje gå nærare inn på denne typen skred.
Vi fann ikkje noko døme på leireskredfare i Nibbedalen.
Dette er eit leirskred i Solhov i 2010. Her har leiren rast utover
og det er store øydeleggingar.
og det er store øydeleggingar.
Kjelde: http://www.ngu.no Norges geologiske undersøkelse
Stein- og fjellskred:
Stein- og fjellskred kjem hovudsakleg av ustabile område i fjellet. Dersom ein stein losnar i ei fjellside, har den lett for å utløyse fleire steinar. Det er dette vi kallar steinskred. Også heile fjellsider kan losne frå fjellet. Dette vert kalla fjellskred. Eit godt lokalt eksempel er fjellsida på Åkerneset. Steinskred og fjellskred kan også vere ekstremt farleg, for eksempel om skredet går rett ned i fjorden. Dette kan skape enorme bølgjer, også kalt ein tsunami. Om fjellsida på Åkerneset rasar, vil det skape ei monsterbølge og dette kan råke både Hellesylt, Geiranger og Stranda i stor grad.
Skredområde i Nibbedalen
Her er ein stor sprekk i fjellet Børa i Romsdalen. Dette kan få
katastrofale følgjer om det vert utløyst eit fjellskred.
katastrofale følgjer om det vert utløyst eit fjellskred.
Kjelde: http://www.geoportalen.no
Her er eit bilete av den lause fjellsida på Åkerneset.
Kjelde: http://www.ngu.no Norges geologiske undersøkelse
Under kjem nokre bilete av skredutsatte område i Nibbedalen. Fjella er svært bratte, og dette gjer at steinar ofte losnar p.g.a tygngekrafta. Vegen gjennom Nordangsdalen er ofte stengt p.g.a skred, då hovudsakleg snøskred.
Her kan du sjå eit bilete av ei rasur under Fivelstadnibba.
Dette temakartet viser ulike aktsomhetsområder. Som vi kan
sjå er det ganske mange aktsomhetsområde,
sjå er det ganske mange aktsomhetsområde,
Dette temakartet viser ulike skredhendelser og dei ulike
skredtypane som har skjedd i dette området.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar