Landformer danna av brear
Det fins mange ulike landformer som er danna av brear. Vi finn U-dalar, fjordar og fjordsjøar. Den mest utbreidde jordarten i Noreg er morenejord. Denne jordtypen blir danna av brear. Nokre andre landformer som er danna av brear er israndavsetningar. Dette kan til dømes vere sidemorener, endemorener, isranddelta, og ein kombinasjon av endemorener og isranddelta. Vi har også fleire morenetypar. Nokre av desse skal vi snakke om seinare.U-dal
Brestraumane som gikk gjennom V-dalar som blei danna i tertiærtida, forma V-dalane om til U-dalar. Dette skjedde under istidene. Det som skar dalane djupare ned i jordskorpa var at under istidene veksla det mellom breerosjon og elverosjon. Vi kan sjå dette tydelig på Vestlandet og i Nord-Noreg.I ein U-dal har tverrsnittet av dalen U-profil. Dette er fordi isen dekte heile dalen. Der isen kom i kontakt med underlaget, oppstod det erosjon. I midten av dalen hadde breen stor fart. Her var breen tjukkast, derfor var erosjonen kraftigast her. Dette førte til at elvedalene som opprinneleg var her, blei djupare. Her gjekk det også for seg nedbryting av landskapet i dalsidene. Somme stader kan dalen vere ekstra djup. Dette er når fleire brearmar har møttes, og erosjonen har derfor blitt svært kraftig.
I ein U-dal kan vi finne sidedalar. Desse har ofte munning høgare enn hoveddalføret og vert då kalla hangande dalar. Dette er dalar som har blitt erodert ned der det har vore tynnare is. Dalane har også forma som ein U-profil.
Dette er eit døme på ein hangande dal. Kjelde: http://aardrijkskunde.hlz.nl/BN2%20map%20H2/BN2%20H2P2%20ER/BN2%20H2P2%20ER%20main%20U3.htm
Her ser ein tydelig U-profilen i dalen.
Morener
Ei morene er stein, grus og anna materiale som har vorte ført med isbreane. Når isbreen trekkjer seg tilbake vert lausmaterialet liggjande, og delane av materialet som ikkje er erodert ned, er synleg i dag. Vi har fleire typer morener. Til dømes sidemorener, midtmorener, botnmorener, endemorener og daudismorener. I Nibbedalen er det fleire synlege morner. Vi kan også finne ein esker.
EndemoreneEi endemorene blir danna ved at isbreen har ført med seg stein, grus og anna materiale og ført dette opp i enden av isbreen. Dersom breen smeltar vil vi sjå eit opprykk i landskapet. I dalar er oftast endemorenene forma som halvsirklar. Døme på ei endemorene i Nibbedalen ser du lenger nede på sida.
Ei sidemorene blir danna på samme måte som ei endemorene. Forskjellen er at ei sidemorene blir danna langs ved kanten av isbreen og ikkje i enden av den.
Midtmorene
Ei midtmorene blir danna paralellt med sidene på breen. Morena blir enten danna inne i eller oppå isbreen. Ei midtmorene kan dannast på to måtar. Den eine måten den blir danna på er når to brear møtast. Det er då sidemorenene som dannar ei midtmorene. Ein anna måte ei midtmorene kan bli danna på er når det stikk opp ein del av eit berg frå breen og denne blir erodert ned. Når isen trekk seg til bake, får vi ei midtmorene.
Botnmorene
Denne morenetypen er også morenemateriale som ligg igjen etter at isbreane har smelta. Her er landoverflata ei ujamn overflate der vi ofte kan finne dammar og gjørmehol. Ein kan også finne elveleier på desse morenene.
Kjelde: http://web2.gyldendal.no/undervisning/felles/pixdir20/?archive=bi2_grunnbok&menuitem=menu_2_2&resultsource=menu_2_2&detailsource=image_43
Morenejord
Etter at dei siste isbreane smelta under siste istid, blei det danna botnmorener ved at breane førte med seg lausmateriale og la igjen som ei morene. Lausmassene var enten frose fast i breen eller så låg materialet under breen. Når breen smelta, vart det liggjande igjen usorterte lausmasser spredd i terrenget. I ei morene finn vi mange storleikar på korna. Alt frå finkorna leire til store steinar. Tjukknaden på morenejord kan variere frå eit tynt dekke til eit titals meter tjukkt dekke.
Kjelde: http://bjertnes-geofag.umb-sll.wikispaces.net/Jordarter+i+omr%C3%A5det+S%C3%B8rli+-+Kruttverket
Esker
Eg nemde i innleiinga at vi kan finne eskrar i Nibbedalen. På bilete lengre nede på sida, kan du sjå eit døme på ein esker. Ein esker består av sand og grus som har blitt avsatt av elvar under breen. Desse langstrakte ryggane av usortert matriale kan bli fleire kilometer lange og mellom 10-20 meter høge. Mange av dei eskrane vi finn i dag blei danna i slutten av den siste istida. Vi finn som oftast eskrar på flate landområde og i botnen av dalar i innlandet. Døme på denne landforma finn du lenger nede på sida.
Isranddelta
Eit delta er når det blir avsett sand og slam der elva renn ut enten i ein innsjø eller i havet. Eit isranddelta er ein type delta som har blitt avsett rett framfor ein brefront. Dei blei oftast danna der smeltevatn frå breane rann ut i innsjøar og bresjøar. Overflata av denne typen delta består av breelvmateriale. Størrelsen på eit isranddelta varierer etter kor lenge brefronten låg i ro. Det største og mest kjende isranddeltaet i Noreg er Gardermoen. Moer er eit anna og meir moderne namn på isranddelta.
Dette er ein del av ein esker, som heiter Fivelstadhaugen. På det toppografiske kartet nederst på sida kan ein sjå at Fivelstadhaugen er merka av med gult. Det tyder at det er breelvavsetning.
Dette er ei endemorene. På baksida av denne morena ligg Sætra.
Deler av ein esker som Fivelstadhaugen ligg på.
TOPOGRAFISK KART
Dette topografiske bilete av Nibbedalen viser at vi kan finne forskjellege lausmasser i terrenget. Vi kan finne breelvavsetning, tjukke og tynne morener, elveavsetningar, skredmateriale, torv og myr, forvitringsmateriale og bare fjell med tynt dekke.
Kjelder:
- http://snl.no/endemorene
- http://snl.no/midtmorene
- http://www.npolar.no/no/forskning/tema/geologi/landskapsformer/moreneformer.html
- http://www.ngu.no/no/tm/Vare-tjenester/Spor-en-geolog/Geologisk-ordliste/
- http://snl.no/esker%2Fgeologi
- www.uio.no/studier/emner/matnat
- GEOGRAFI (geografiboka)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar